TIMELAPSE – Sånn går no dagane.. og nettene

Hei!

2 dagers timelapse fra Voss som gir interessant innsikt i kva som skjer med atmosfæren på godværsdagar om hausten. Klare netter gir stor nedkjøling i fjellet, og kaldlufta renn ned i dalane og vestover mot havet. Denne er ofte synleg som låge skoddeskyer. Elva med kaldluft danner dermed ein kraftig dalinversjon. Når sola står opp stoppar nedkjølinga av luft i fjellet og luftstraumen mot vest stoppar opp. Kaldlufta nedi dalen bruker tid på å bli varma opp, men terrenget over denne stabile kaldluftssjøen kan slippe termikk. Utpå dagen vil også lufta nedi dalen bli ustabil og stige til værs. Då må det etterfyllast luft frå havet. Dalvinden snur og det kjem solgangsbris frå vest. Solgangsbrisen er kaldare enn lufta som steig til værs og denne vil igjen stabilisere dalen og gi dårlig termikk frå terrenget som blir berørt av solgangsbrisen. Fjellområder som ligg over solgangsbrisen kan framleis sleppe god termikk sjølv om dalen er «blåst ut». Når sola går ned stopper termikken og solgangsbrisen stoggar. Det blir vindstille i dalen ei tid før bakketemperaturen i fjellet blir så låg at kaldluft begynner å renne ned i dalen elva av kaldluft begynne å renne vestover igjen.

-Erlend Rongen

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *