3 tanker om “VIDEO – Advance Sigma 9 mass takeoff

  1. Ja det var kult! Eiger er fjellet utover helt til høyre. Jeg er han treige rett ved siden av Tim, i oransje Sigma. Bytta vinge rett før start så fikk litt dårlig tid mot Kari Eisenhuts nøyaktige klokke;) Fotograf Bruno startet over oss og tok nok noen fete bilder av starten! Ble en fantastisk tur over Grindelwald og til Thun etter vi hadde overnatta lørdag til søndag på hytta rett under starten…

    • Under finn du nøkkelord av min opplevelse av vinga, og eg har forsøkt å utdjupe med ei oppsummering av det Kari/Silas informerte om ifm utviklingen av S9.

      Det vart teikna ca 150 versjonar, derav vart det produsert ca 20-25 prototypar før endeleg resultat vart nye Sigma 9.

      – Lettstarta. Alle innvendige materialer er lettvektsmaterialer. Miniribber er kutta ut då dei har testa mykje med dette og funne ut at det i hovedsak er kun på vinger med høgt sideforhold at dette har ein effekt. C linene er splitta heilt i toppen slik at dei dannar «mini» D liner. Totalen gir svært lettstarta vinge med stabile startegenskaper. Enkel!

      – Lett på speed. Nye trinser med mykje mindre friksjon. Mogeleg å endre giring som på andre Advance vinger.

      – Stabil på speed. Den er solid, men gjev god beskjed når ein bør bøye knea;) Merk at det ikkje er anbefalt å kontrollere vinga med C riser når ein speeder. Dette er øydeleggande for trykket kring sharknose inntaket og trykksenteret på leading edge. Kontroll på speed skjer med beina. Difor har ikkje S9 nokon handtak eller anna for å styre med på C riser.

      -«Sharknose» er ein balanse mellom ytelse/stabilitet på speed, startegenskaper, og konsekvens ved innklapp. Den er konstruert slik at den skal gje godt interntrykk i vinga, også ved høge angrepsvinklar.

      – Handling: relativt lågt sideforhold gir ei vinge som har god handling. Testar har vist at dersom ein vil ha ytelse gevinst av auka sideforhold så lyt ein auke sideforholdet svært mykje. Uhensiktsmessig mykje for ei EN-C vinge iflg Advance.

      – Ubeskytta liner gjev auka ytelsar ( mykje større effekt enn f.eks auka sideforhold)

      – Dynamisk. Mykje meir dynamikk enn forgjengaren. Den kvassare enn S8. Kari var tydeleg på at ein bør ideelt være midt i vektområdet. Utvida vektområde med 5 kg gjorde dei fordi dei kunne, då testane viste at det var OK. Dei vurderte ei stund å bruke same vektområde som S8.

Legg igjen en kommentar til Johannes Avbryt svar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *