PROSJEKT KRYSSING AV STRYNEFJELLET

Fjellområdet som blir kalla Strynefjellet ligg i grensetraktene mellom Stryn kommune og Skjåk kommune.Her ligg det mest populære skisenteret i Norge ved Tysligbreden som er ei arm av den største breden i Norge, Jostedals-breden.
Sommarskisenteret er kalla ”Legenders lekeplass”med rette.Mange verdensmesterar og olympiske mesterar har trent ski og slikka sol mellom Kvitlenova på 1898 moh og Nuken på 1832.Sjølve servicebygget ligg på 1060 moh so om ein skal kome seg over denne vegen må skybasen ligge høgt.Landskapet byr på allt frå dramatiske fjell og dalformasjonar til høgt-liggande breplatå.
Vegen frå Grotli til Skåre var ferdig i 1894.Her vart det måka for hand av 200 mann med spader som starta på kvar si side av fjellet.Dette vart gjort helt fram til 1950 talet.Den første snøfresaren kom til Strynefjellet i 1950 og sparte mange vannblemer i såre hender.

Meir opplysningar

Svein Bjørneseths Strynefjellet-side.
Diskusjon om Strynefjell-kryssing på Skyforum
Stryn Sommerskisenter
Norske turistveger: Strynefjellet

Anbefalte ruter

For å kome seg over pr paraglider er der to ruter å anbefale.Følg vegen opp til Sommarskisenteret der ein tek av ved Ospelidfjellet og fortsett mot Vassvendeggi.Om ein skulle vere uheldig å ”utelande”so er ein her i tilknytning til veg.Sånn sett er dette den sikraste ruta.
Den andre vegen å anbefale er å flyge sør om Sunndalshyrna innover Mårådalen til Framrustehovden og mot Uppnose.

Vanlegvis mobiltlf-dekning i området. Antenner kan midlertidig settast ut av funksjon pga snømengder med det er helst om vinteren!

Naud/Info nummer Stryn Sommarskisenter: 57875474

KRAV TIL GODKJEND KRYSSING:
Ein må starte turen utanfor den
raude yttergrensa eller starte på innsida og flyge utanom og so flyge inn att.Linjene mellom punkta vert kalla grenselinjer.
Det må minst vere to grenselinjer mellom der ein flyg inn og der ein flyg ut. Eksempel: Om ein flyg gjennom grenselinja mellom X1 og x2 kan ein flyge ut gjennom alle grenselinjer mellom x4 og x7.

Ein må ha vore innanfor den
blå kjernegrensa.

Det er 5 km  mellom raud og blå grense.

Sjå ellers generelle reglar.

Koordinater:
x1: Rindalshyrna N 61.57.55  Ø 007.05.21
x2: Tornefjellet N 61.50.37  Ø 007.05.37
x3: Tverrfjellet N 61.47.53  Ø 007.13.56
x4: Sotskarvet N 61.48.04  Ø 007.47.10
x5 :Fåkåkampen N 61.51.32  Ø 007.56.08
x6: "Skjåk" N 61.58.27  Ø 007.55.38
x7: Veslefjell N 62.02.04  Ø 007.46.31
x8: Holestølfjell N 62.02.04  Ø 007.11.53


Premie
Premien vert ei fin flaske cognac som vert sponsa av Bjørneseth Paragliders.

Lykke til og flyg fint!!

Helsing Kontaktpersonane Svein Bjørneseth og Roy Almestad.


=NIMBUS=


(Oppdatert 2008-07-15)