Dette var stygglangt i -92 ! Skulle fly sammen med Hans da han gjentok denne turen men kom meg ikke ut i samme syklus, dermed var han over "alle hauger" og vi fløy hver for oss.  
=NIMBUS=




Av Hans Engelsen Eide


Hans Engelsen Eide 6.juni-92 på Vole. Foto:Frode Halse

 

 

 

 

 

 

 

Måndag 25. mai var ein fin dag, bra med cumulus og vindstille. Alle deltakarane i HG-EM trente denne dagen på Våga.  
"I dag kunne du flyga til Frya" sa Are Jaastad & co. Eg var ikkje sikker på om dei fekk rett.  

Starten vart kl. 15.00. Då oste det til vers med 10-12 HG'ar over Vole. Skrudde i frå mesteparten, men på turen mot Lalm var dei fleste forbi på eit blunk.

Ved fjellsida i Lalm bar det til vers igjen. det døydde ut i 2500 meter, men det var nok for å krysse over til Heidal.  
På vei mot Sjoa bar det til skybas for fyrste gong. 3200 meter og ny høgdepers.

"Torgeirkampen ved Kvam er bankers" sa HG-gutta. Heilt rett, skybas igjen. 

I frå Kvam gjorde eg kanskje feil vegvalg.  Are sa at dei brukte å kryssa rett over til lia aust for Vinstra, men at ein PG kanskje ville få problem og burde heller fly inn på plataet aust for Kvam.  Eg valde å kryssa over til Vinstra. 

Are fekk rett. Eg kom lagt inn i lia.
Litt termikk var der, men vart liggjande som ein jo-jo mellom 100 og 1300 m.o.h. ned til Harpefossen. 
Derifrå var det heilt daut. Sklei ut og landa på Frya kl.19.00. Målet for dagen var nådd og eg var glad sjølv om det låg ein cumulus 3000 meter over Frya.    

Turen på 62 kilometer vart repetert den 6.juni. Då gjekk turen mellom Kvam og Frya inne på platået aust for Vinstra. 
Skybas var då oppe i 3400 m.o.h.( pers igjen) og eg var sikker på å fly lenger enn Frya.  
Men då eg nærma meg, datt eg fortare enn ei daud rypa. I frå 2800 meter til 300 meter på ”no time”. Mega synk!! .... Frya igjen!!!

Etter turane til Frya har det vore mange positive meldingar å få frå HG-gutta. 
Dei har utruleg mykje å lære oss PG' ar om ting og tang.  Til slutt håpar og trur eg at me kjem til å nærma oss 100 km denne sommaren.





Frya, kornsiloen i bakgrunnen. Foto:Hans Engelsen Eide

Hans starter fra Vole 6.juni.

Otta sett fra sør. Foto:Hans Engelsen Eide

Gudbrandsdalen krysses fra Heidal til Torgeirkampen. Otta i det fjerne midt i bildet.

Harpefoss. Foto:Hans Engelsen Eide

Harpefoss

Ruta er vanlig bortsett fra innersvingen ved Kvam som for den tids pg var dristig, de hadde ikke all verdens ytelser!      Landing på Frya, den karakteristiske korn- siloen 
 i bakgrunnen.

(Tidligere publisert I Norsk Hanggliding 3/92)

(Revidert 28.11.02)

 

Startside  Hvem er over ?  Klubben   Artikler  Fotogalleriet   Linker    Værdata   Gjestebok  Info in english

2005©Frode Halse
URL: http://www.fridistanse.no